I denne episoden møtest en mexicanske poeten Gloria Gervitz og den svenske poeten Athena Farrokhzad til samtale. Gervitz har skrive på det same diktet i over førti år. Langdiktet Migrasjonar tek utgangspunkt i historia til Gervitz’ eigen jødiske familie, som flykta frå jødeforfølgingane i Aust-Europa tidleg på 1900-talet. Dette er òg eit av vår tids største poetiske prosjekt – eit dikt i stadig forflytting, gjennom slekt, religion, død og seksualitet, men også gjennom stadig nye utgjevne versjonar. Gervitz blandar ulike tider, tradisjonar, språk, alfabet og røyster og tek lesaren gjennom eit mylder av fluktruter og reiser, draumar, minne og landskap. Skodespelar Iselin Shumba les frå Migrasjonar.
Litteraturhusets podkast presenterer bearbeidede versjoner av samtaler og foredrag i regi av Stiftelsen Litteraturhuset. Hold deg oppdatert på Litteraturhusets program. Meld deg på vårt nyhetsbrev.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.