Sveriges mest populära poddar

Litteraturhusets podkast

Tore Kvæven og Tore Skeie om jakta på det norske

65 min • 26 april 2019

Vikingtida er ein periode som både blir mytologisert og romantisert, men som òg er ei konkret historisk tid med grunnleggjande hendingar for Noregs framvekst. Korleis har perioden og skildringane av han forma den norske identiteten? Tore Kvævens Bragepris-vinnande roman Når landet mørknar er lagd til Grønland på slutten av 1200-talet, medan historikar og forfattar Tore Skeie har sett seg føre å skrive historia om dei store kongane i den turbulente overgangen frå vikingtid til mellomalder, og starta med Olav Haraldsson. Høyr Kvæven og Skeie i samtale med kritikar, norrønfilolog og journalist Carline Tromp. Samtalen fann sted på Litteraturhuset 20. februar 2019.

 

Litteraturhusets podkast presenterer bearbeidede versjoner av samtaler og foredrag i regi av Stiftelsen Litteraturhuset. Musikk av Apothek.



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

00:00 -00:00