Joakim Randa Berthelsen er aktuell med boka Brann. En historie om skandaler og kjærlighet. Og dramatikk har det vore, frå tap og nedrykk til nachspielkriser. Men våren 2023 blei det cupgull og folk i Bergen gjekk sjølvsagt amok. Kvifor vekker Brann så sterke kjensler blant supporterane? Kva er det som rører seg i det bergenske brannhjartet?
Saman med artisten Bendik og Brann-supporteren Silje Halstensen og Erlend Vågane, supporterleiar i Bataljonen, skal Joakim Randa Berthelsen ta oss med på innsida av klubben og kulturen. Samtaleleiar er Charlotte Myrbråten, programansvarleg ved Bergen Offentlige Bibliotek, kritikar og Brann-supporter.