Sveriges mest populära poddar

LittPod

Friluftslivets filosofi og motstraums reiselyst

61 min • 24 augusti 2022
Kven er eigentleg friluftslivet og naturen til for – og kva plass og rolle bør vi menneske innta overfor naturen? Peder Anker er utdanna vitskapshistorikar frå Harvard University og er no professor ved New York University med klima- og miljøhistorie som eitt av sine forskingsfelt. Han er aktuell med boka Livet er best ute. Der tar han lesaren med på ei personleg vandring gjennom friluftslivets historie, kultur og gleder. Gunnar Garfors har reist verda rundt og gjorde i fjor stor suksess med boka Bortom allfarveg. Her viser han veg til stader i Noreg som ingen skulle tru at dei verken skulle høyre om eller besøke. No møtest Anker og Garfors for å snakke om alt frå fordeler og ulemper ved å følgje reiselysta til friluftslivets filosofi. Ordstyrar er Margunn Vikingstad, litteraturkritikar i Morgenbladet.
Kategorier
Förekommer på
00:00 -00:00