Sveriges mest populära poddar

LittPod

Kjærleiksbrevet som litterært erindringsarbeid

67 min • 22 maj 2023
Kva er eit kjærleiksbrev? Og kva er relasjonen mellom kjærleiksbrevet og litteraturen? Professor i allmenn litteraturvitskap Tone Selboe ved Universitetet i Oslo er aktuell med boka Kjærlighetsbrev. Gjennom lesingar av brevvekslinga mellom Erik og Amalie Skram, Jonas og Camilla Collett, Olav H. Hauge og Bodil Cappelen, samt Karen Blixens brev til bror sin om forholdet til Denys Finch Hatton, viser ho korleis kjærleiksspråket i brev ofte kan vere farga av litteraturen, og då særleg romanen. Møt Selboe i samtale med professor i nordisk litteratur ved Univeristetet i Bergen Christine Hamm og pro- fessor i allmenn litteraturvitskap ved UiB Erik Bjerck Hagen om brevet, litteraturen og korleis brevskriving kan vere med på å forme ein forfattar sitt syn på så vel verda som på kjærleiken. Samtaleleiar er Fredrik Parelius, stipendiat i nordisk litteraturvitskap ved UiB.
Kategorier
Förekommer på
00:00 -00:00