I denne klassikarserien tar vi for oss eit verk i verds- litteraturen som allereie har sin plass i kanon, eller som bør få status som klassikar. Vi inviterer akademikarar, forfattarar, kritikarar og omsetjarar til å velje sin klassikar til samtale eller til å halde føredrag i god formidlings- og opplysningsånd.
Professor i allmenn litteraturvitskap ved UiB, Anne Beate Maurseth, vil i kveld halde eit føredrag om Farlige forbindelser av Pierre Choderlos de Laclos. Den libertinske romanen blei ein bestseljar med det same den kom ut i 1782 i Frankrike, og er seinare filmatisert fleire gonger, mest berømt kanskje av Stephen Frears i 1988 der Glenn Close og John Malkovich spelte hovudrollene.
Men utgivinga var òg ein skandale som førte til at romanen blei forbode i Frankrike i store delar av 1800-talet. Skrive som ei brevveksling mellom fleire romanpersonar, er dette ei elegant og pirrande forteljing om to libertinarar som i starten er medspelarar og fortrulege, men som endar med å bli motspelarar og fiendar i kunsten å forføre.