Kan vi lære noko om å leve saman ved å betrakte planter som ein botaniker? Korleis kan studiet av naturen få moralske dygder til å bløme? I dette føredraget ser Synne Ytre Arne, førsteamanuensis i norsk litteratur ved NLA Høgskolen, nærare på relasjonen mellom moral, blikk og botanikk i Jean-Jacques Rousseaus Den ensomme vandrers drømmerier (1782) og eit utval av den franske filosofens botaniske skrifter.
I denne klassikarserien tar vi for oss eit verk i verds- litteraturen som allereie har sin plass i kanon, eller som bør få status som klassikar. Vi inviterer akademikarar, forfattarar, kritikarar og omsetjarar til å velje sin klassikar til samtale eller til å halde føredrag i god formidlings- og opplysingsånd.