Leonora Carrington (1917-2011) var en britisk-meksikansk kunstnar kjent for sine surrealistiske måleri og tekstar. I Paris blei ho ein sentral del av den surrealistiske kunstnerkrinsen. Seinere flykta ho frå innlegging på psykiatrisk institusjon og frå nazistenes frammarsj i Europa, først til New York og deretter vidare til Mexico der ho blei buende store delar av livet.
No er Gunstein Bakke aktuell med omsetjinga av Carringstons surrealistiske klassikar frå 1974, The Hearing Trumpet, som har fått tittelen Høyreluren på norsk. Kritikeren Susanne Christensen kom i 2019 ut med bok om kunstnaren, Leonoras reise og har skrive etterordet i Bakkes omsetning av Carrington. No ho Bakke til samtale om så vel den visjonære romanen som kunstnaren sjølv. Samtaleleiar er Kristoffer Jul-Larsen.