Med Kikki Kleiven, Sigurd Hverven, Agnar Lirhus, Andreas Vermehren Holm og Espen Stueland.
Vi ser ei aukande klimauro for kloden vår. I Litteraturhuset nye seriesatsing Klimakritikk vil vi sjå nærmare på den klimaengasjerte skjønnlitteraturen. Er den berre samtidas eksempel på tendenslitteratur, til liks med den politiske litteraturen på 1970-talet – eller er det snakk om eit litterært paradigmeskifte? Og kjem den ofte estetisk orienterte kritikken til kort i vurderinga av økokritiske perspektiv i skjønnlitteraturen? Vi skal i tillegg ta ein kikk på dei litterære naboane våre: Kva blir skrive av økokritisk skjønnlitteratur og poesi i Sverige og Danmark?
Forfattar og kritikar Espen Stueland er fast samtaleleiar i serien. Stueland har markert seg som ein engasjert klimaaktivist, mellom anna med essayboka 700-årsflommen. 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk.
Til det første arrangmentet kjem klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Sigurd Hverven, forfattar Agnar Lirhus og forfattar, omsetjar og redaktør i tidsskriftet Ny jord Andreas Vermehren Holm.
Kleiven vil gi eit riss av klodens tilstand og kva som skjer i klimaforskinga nett no. Deretter blir det ein samtale mellom Hverven, Lirhus, Vermehren Holm og Stueland, der dei vil kartlegge dagens klimakritiske skjønnlitterære prosa, poesi og kritikk.