Sveriges mest populära poddar

LittPod

LitFest2020 - Eit eige språk

64 min • 9 februari 2020
Da Patrick Chamoiseau var ung skulegut på den franske øya Martinique i Karibia, var det lite rom for det kreolske språket som befolkninga brukte til vanleg. Korleis finne sitt eige språk som forfattar, når orda ein bruker ikkje blir anerkjent, og ein tilhøyrer ein folkesetnad som har blitt undertrykt og blei heldt som slavar i fleire hundreår? I denne samtalen med omsetjar Synneve Sundby, snakkar Chamoiseau om vegen til skrivinga, om kjønn, kreolitet og kva litteraturen kan bety. Med støtte frå Institut francais de Norvège. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
Kategorier
Förekommer på
00:00 -00:00