Korleis sørgjer Noreg etter 22. juli? Og korleis blir denne sorga behandla i kunsten? Først kom sakprosabøkene, så kom skjønnlitteraturen, romanane og dikta, til slutt filmane. Kva kjenneteiknar denne litteraturen, og korleis skil skjønnlitteraturen seg frå sakprosaen i måten sorga blir skildra på?
Aage Storm Borchgrevink ga ut sakprosaboka En norsk tragedie i 2012, Brit Bildøen romanen Sju dagar i august i 2015, diktsamlinga Vandreutstillinger av Cecilie Løveid kom i 2017. Samtalen blir leia av forskar på Utøya-litteratur og -film, professor Anne Gjelsvik.