Noreg og Nigeria deler eit traume: Terrorangrep retta mot barn og ungdom. Korleis kan foreldra leve vidare når det aller verste har skjedd?
Det er eit av spørsmåla nigerianske Helon Habila stiller i dokumentarboka The Chibok Girls, som undersøker kva som skjedde da Boko Haram bortførte 276 jenter nord i Nigeria i 2014. I Brit Bildøen sin kritikarroste roman Sju dagar i august møter vi eit ektepar som framleis slit med sorga, åtte år etter at dottera døydde på Utøya 22. juli 2011.
Korleis forfattarar kan nærme seg slike traume, er tema når Bildøen og Habila møtest til samtale. Samtalen blir leia av forfattar Aage Storm Borchgrevink.