I fleire tiår blei norske samar utsette for ein brutal og undertrykkande fornorskingspolitikk, og dei blei nekta å bruke sitt eige språk. Kva konsekvensar har dette hatt for bruken av samisk som kvardagsspråk og som litterært språk? Og korleis vel ein som norsk-samisk forfattar i dag kva språk ein skal skrive på?
Forfattarane Risten Sokki og Sigbjørn Skåden møtest til samtale under leiing av litteraturprofessor Harald Gaski.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.