“Eg begynte seint å danse, men skjønte umiddelbart at dansen ville påverke alle sider av livet, inkludert litteraturen,” skriv den indiske poeten, romanforfattaren og dansaren Tishani Doshi i eit essay skrive for LitFestBergens katalog.
Doshis nyaste roman Small Days and Nights er ei historie om sorg, sinne og umoglege ideal for kva ein nasjon kan vere. Basert på denne romanen har Doshi skapt ei ny danseforestilling. Etter framføringa snakkar ho med Tora de Zwart Rørholt om forholdet mellom livet, dansen og litteraturen.
På engelsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.