I 1992 blei to menn i Bethlehem, Sør-Afrika, uskuldig dømde for drap. Først i 2011 blir dei lauslatne til eit Sør-Afrika som i mellomtida hadde gått frå apartheid til demokrati.
Jonny Steinberg har skrive ei rekke bøker om vanlege menneske og deira liv og kvardag etter apartheids fall. Han snakkar med Hedley Twidle om si nyaste bok One Day in Bethlehem, og om rase, klasse og representasjon i 2000-talets Sør-Afrika.
På engelsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.