Dette er terroren sitt mål: Å skape negativ merksemd, å skape frykt. Korleis pregar terroren dei som blir direkte råka, som skadde, traumatiserte eller som pårørande?
Vibeke Knoop Rachline er journalist og forfattar, busett i Paris, og aktuell med boka Terror i Europas hjerte. Med utgangspunkt i denne snakkar ho om dei som fort blir gløymde etter at kamera er slått av: terrorens ofre.
På norsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.