Angela Merkel har regjert i Tyskland sidan 2005, men har no trekt seg som partileiar og stiller ikkje til attval. Samstundes som hennar eige parti er i leiarkrise, er sosialdemokratane på veg mot avgrunnen, og fram stormar både Dei grøne og høgrepopulistane. Korleis ser den tyske partipolitikken ut i dag? Og kor vanskeleg blir det for den som skal ta over etter Merkel?
Ingrid Brekke er forfattar og journalist busett i Berlin. I dette foredraget snakkar ho korleis endringane i Tyskland vil prege Europas framtid.
På norsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.