I 1997 blei Hong Kong gitt tilbake frå Storbritannia til Kina etter å ha vore britisk koloni i over 100 år. Kor mykje styrer Kina i Hong Kong i dag, og vil det vere noko att av Hong Kongs kultur, språk og fridom etter at Kina for fullt overtar i 2047?
Antony Dapiran har budd og arbeidd som forretningsadvokat i Kina, både i Beijing og i Hong Kong, i meir enn 20 år. Dapiran har skrive fleire bøker om Hong Kong, og i den siste, The City on Fire: The fight for Hong Kong (2020) skriv han om kva dagens protestar vil bety for framtida til Hong Kong og Kinas plass i verda. Han møter jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde til samtale om fridom, juss og rettsstaten i vanskelege tider.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.