Kritisk kvartett er Litteraturhuset i Bergen sitt faste forum for litteraturkritikk, med eit panel beståande av Ida Lødemel Tvedt, Eirik Vassenden og Frode Helmich Pedersen.
Til denne spesialutgåva av kvartetten får dei besøk av den sørafrikanske kritikaren Hedley Twidle. Desse festivalaktuelle bøkene blir tatt opp til kritisk og begeistra diskusjon:
Raja Shehadeh: Palestinian Walks (2008)
Marie Darrieussecq: Our Life in the Forest (2017)
Mary Ruefle: Madness, Rack and Honey (2013)
På engelsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.