Hong Kong har i fleire tiår vore verdsleiande innan handel og finans. I juni 2019 inngjekk den tidlegare britiske kolonien ei utleveringsavtale med Kina, noko som utløyste omfattande demonstrasjonar, og etter kvart førte til krav om demokratisk reform.
Advokatane Antony Dapiran og Jason Y. Ng frå Hong Kong er begge aktuelle med nye bøker om protestrørsla. Dei kjem til LitFestBergen for å fortelje oss kva som skjer, og kva framtida kan komme til å bringe. Styreleiar i Norsk PEN, Kjersti Løken Stavrum, leiar samtalen.
På engelsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.