I februar 2020 er det 30 år sidan Nelson Mandela blei sett fri etter 27 år i fengsel. Sidan har han blitt hylla av ei heil verd som den store forsonaren. Men mange i den såkalla “born-free”-generasjonen – dei som er fødde etter apartheids fall – har ikkje eit like positivt syn på Mandela.
I denne samtalen møtest Njabulo Ndebele, forfattar og leiar for the Nelson Mandela foundation, Jonny Steinberg, sørafrikansk sakprosaforfattar og professor ved Oxford, og Koleka Putuma, sørafrikansk poet og aktivist, til samtale om kven Mandela var – og kva han betyr i dag. Samtalen blir leia av forfattar og sjef for LitFestBergen Teresa Grøtan.
På engelsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.