Stemningsskapande, kort og avgrensa: Kva er det som gjer novellesjangeren så eigna til å beskrive kvardagen? To av Noregs mest leste og kritikarroste novelleforfattarar, Laila Stien og Frode Grytten, møter romanforfattar Marit Eikemo, som hausten 2019 for første gong gav seg i kast med sjangeren, til samtale.
Samtaleleiar er bibliotekar og novelleforfattar Eivind Riise Hauge.
Samtalen blir på norsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.