Sveriges mest populära poddar

LittPod

LitFestBergen 2020 - Poetisk aktivisme

50 min • 9 februari 2020
Den sørafrikanske poeten Koleka Putuma vekker begeistring og sinne i heimlandet med sine konfronterande dikt og intense nærvær på scenen. Ho er ein såkalla born-free, fødd etter apartheids fall, og går rett i strupen på dei som meiner at svarte og kvite, kvinner og menn, no har like rettar. Musikaren, poeten og skodespelaren Niillas Holmberg insisterer på at han kjem frå Sápmi, okkupert av Finland. Samars kollektive tenkesett og kontakt med naturen står sentralt i hans kunstnariske virke. Dei to unge forfattarane vil framføre eigen poesi og diskutere poetikk og politikk med slampoet Michael W. Opara, også kjend som Doriansgrave. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
Kategorier
Förekommer på
00:00 -00:00