Some turn to Jesus, and some turn to heroin, song Joni Mitchell i 1972. I 2019 ga Kristine Hovda og Øystein Skjælaaen ut bøker som kvar på sin måte utforskar levemåtar i ytterkantane av kva som for dei fleste fortonar seg som kvardagslege.
I boka Jeg lever ikke lenger selv fortel Hovda om ein oppvekst med tungetale, lovsang og misjon, mens Skjælaaen i boka Meningen med rus oppsøker stader som opnar tappekranene på tider andre startar arbeidsdagen. Er desse liva så ulike som dei kan verke? Dei to forfattarane møter Grethe Fatima Syéd til samtale.
I samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Samtalen vil vere på norsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.