I Tyvarepublikken i Sibir er sjamanisme offisiell religion. Forfattar, globetrotter og kampsportutøvar MiRee Abrahamsen har reist for å sjå kva rolle sjamanane speler i dag. Gjennom fleire møte fekk ho innsyn i sjamanisme, strupesong og slakteteknikkar. Dette skildrar ho i reiseforteljinga Sjamanen i stjerneregn - en reise til Asias sentrum.
Abrahamsen møter Jan H. Landro til ein samtale om å reise og skrive, om sjamanisme i Tyva – og om vår eigen rikssjaman, Durek.
Samtalen vil vere på norsk.
På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.