«Dette er ein kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analysar og meiningar.» Slik blir ein aviskommentar introdusert i avisa. Sven Egil Omdal har lang fartstid som ein av Noregs mest leste aviskommentatorar, for tida med fast spalte i Stavanger Aftenblad. Eirin Eikefjord er politisk redaktør i Bergens Tidende, og leiar av kommentaravdelinga. Jens Kihl intervjuar dei to om korleis kommentaren har endra seg gjennom åra, og kva som skjer når ein kommentar blir så lang at det blir ei bok.
I samarbeid med Bergen Journalistlag.