Etter lobbyverksemd iført rosa sokker, har Noreg for femte gong fått ein toårsperiode i det mektigaste rådet i verda. Idet LitFestBergen 2021 går av stabelen, har Noreg akkurat funne stolen sin i FNs sikkerheitsråd. Kva vil det bety at vi har kapra denne plassen – ut over at det er herleg å sole seg i glansen frå dei mektige?
Polariseringa blant dei faste medlemmene i rådet, Russland, Kina, USA, Frankrike og Storbritannia, kan gjere det vanskeleg å arbeide for det sikkerheitsrådet blei danna for å gjere: Sikre verdsfreden. Korleis var dei føregåande periodane i rådet for Noreg og kva blir dei største utfordringane i 2021–22? Journalist Tove Gravdal, forfattar av boka Til bords med de mektige, forklarer.