Sveriges mest populära poddar

LittPod

Litterært Djupdykk - Ali Smith

59 min • 13 juli 2022
Alle historier har ei anna historie i lomma. Det finst alltid ei forteljing til. Særleg om ein les bøkene til skotske Ali Smith. Like etter folkerøystinga om Storbritannias medlemsskap i EU i 2016 ga Smith ut Haust, som skildrar eit splitta folk ute av stand til å forstå kvarandre. Med scene frå eit juleselskap i eit herskapleg hus i Cornwall i det sørvestlege England held ho i Vinter, som kom ut året etter, fram med å analysere samfunnet i ein postbrexit-atmosfære. Gjennom heile årstidskvartetten som òg inkluderer Vår og Sommer finst eit tydeleg etisk medvit saman med nokre av Smiths karakteristiske litterære kvalitetar;smart og fantasirik språkglede, fiffig litterær form og eit råkande blikk på det politiske landskapet nett no. I samtale med litteraturkritikar i Morgenbladet, Margunn Vikingstad, vil Smith snakke om den djupt sjenerøse årstidskvartetten – og truleg òg om gleda over å skape litteratur og leike seg med ord. Samtalen foregår på engelsk. A conversation on stage with Scottish author Ali Smith about her latest Seasonal Quartet; Autumn, Winter, Spring and Summer.
Kategorier
Förekommer på
00:00 -00:00