Sveriges mest populära poddar

LittPod

Om Palestina, hus og tilhøyr

53 min • 24 oktober 2023
Kva kan det palestinske landskapet, flyktningleirar, bygningar og hus fortelje oss om utviklinga av konflikten i Palestina dei siste 100 åra? Det spørsmålet er utgangspunktet for Kjersti G. Bergs bok Palestina. Fakta på bakken. Ved å kartlegge dei fysiske strukturane på Vestbreidda, skildrar Berg området som formelt okkupert. Men meir og meir tyder på at jødisk busetnad, i kombinasjon med kontroll over palestinarar, siktar mot ei permanent innlemming i strid med folkeretten. Møt Kjersti G. Berg, førsteamanuensis ved NLA Høgskolen i samtale med arkitekt Bjørnar Haveland og bli litt klokare på palestinsk sjølvråderett, flyktningspørsmålet – og kva hus, heim og landskap har å seie i den langvarige konflikten i Midtausten. Ordstyrar er journalist i Bergens Tidende Osama Shaheen.
Kategorier
Förekommer på
00:00 -00:00