Kva poesiutgivingar har fått mest merksemd i året som har gått?
Og kva utgivingar er dei beste? Kva trendar og tendensar kan ein lese ut frå utgivingslister frå forlaget, ja, korleis står det eigentleg til med norsk poesi for tida?
Vi oppsummerer poesiåret 2019. I panelet: Sandra Lillebø, Sindre Ekrheim og Endre Ruset. Fredrik Hagen leier samtalen.