Bergen Journalistlag inviterer til samtale.
Debatten om medias dekning av metoo generelt og Giske-saka spesielt har fått ein oppsving dei siste vekene.
Var det skandalejournalistikken eller metoo som fekk ein ny vår? Gjekk journalistane seg ville i blodtåka under dekninga av Giske-videoen? Var det media eller Trøndelag Ap som sette foten ned for Giskes comeback? Og har media skuld i at folk går rundt og snakkar om at "metoo har gått for langt"?
Bergen Journalistlag inviterer til andre møte i debattserien Redaksjonsmøtet. Det er tid for eit sjølvkritisk blikk på metoo-dekninga i Noreg. For å diskutere dette, kjem:
– Bjørgulv Braanen, Klassekampen
– Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i Bergens Tidende
– Erik Waatland, redaktør i Medier24
– Tone Sofie Aglen, politisk redaktør i Adresseavisen
– Tora Håndlykken, nyhenderedaktør i VG
Fleire deltakarar kan bli annonsert.
Debattleiar: Jens Kihl, kommentator i BT og leiar for Bergen Journalistlag.