Debatt med Bergen Journalistlag.
Klima er no den aller viktigaste saka for norske veljarar, og det blir ofte høg temperatur når journalistane skriv om dette temaet.
På årets siste utgåve av Redaksjonsmøtet spør vi: Kva er den skikkeleg gode klimajournalistikken? Er klima eit saksfelt for lokalmedia, eller er dette berre riksmedia sitt felt? Korleis skriv vi engasjert om klima utan å bli aktivistar? Og korleis får vi folk til å lese?
I panelet møter du:
Bent Skjærstad, TV 2
Atle Andersson, Bergens Tidende
Astrid Rommetveit, NRK
Ordstyrar: Bergit Sønstebø Svendseid, NRK