Bergen Journalistlag inviterer debatt.
Politiet og helsevesenet i vest har stramma inn på kva dei vil fortelje pressa. Under Helge Instad-forliset opplevde journalistane store utfordringar med å få svar frå Forsvaret.
Er dette til hinder for at pressa skal få gje korrekt informasjon? Eller er det rett og slett bra for å sikre personvern og arbeidsflyt?
Du møter:
- Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør på Haukeland sjukehus
- Ida Melbo Øystese, visepolitimeister ved Politidistrikt Vest
- Marit Kalgraf, redaktør i Vestnytt og Askøyværingen
- Sindre Helgheim, nyhendesjef i NRK Hordaland
Ordstyrar: Kjetil Dale, TV2
Bergen Journalistlag inviterer til tredje møte i debattserien Redaksjonsmøtet. Debattserien er debattar av og for mediefolk i Bergen, men er ope for absolutt alle. Debatten er gratis og det er fri inngang.