Med Frank Rossavik, Sven Egil Omdal, Astrid Dalehaug Norheim og Jon Tufto.
Er ytringsfridomen i krise? Og kven er det i så fall som er skuld i krisa? Er det konservative religiøse, lettkrenkte ungdomar eller servile og feige journalistar?
Aftenposten-kommentator Frank Rossavik har nyleg gjeve ut boka Best å holde kjeft? der han slår alarm for ytringsfridomens kår i Noreg. Han møter Sven Egil Omdal, kommentator i Stavanger Aftenblad, og Astrid Dalehaug Norheim, nyhenderedaktør i Dagen.
Kva – om nokon – grenser bør eigentleg ytringsfridomen ha?
Møteleiar er Jon Tufto, debattjournalist i Bergens Tidende.
Debatten er gratis og open for alle, og det vil bli opna for spørsmål frå salen.
Redaksjonsmøtet er ein debattserie av Bergen Journalistlag på Litteraturhuset i Bergen. Dette møtet er arrangert saman med Norsk PEN avdeling Vestlandet.