Stefan Kölsch var opphavleg profesjonell musikar, som deretter tok utdanning innan nevrovitskap. Han er i dag ein leiande forskar på dette feltet og er professor i biologisk og medisinsk psykologi ved Universitetet i Bergen. Kölsch forskar på korleis musikk virkar på kropp, kjensler og hjerne. Han er òg involvert i studier av korleis musikk kan spele ei rolle i behandling, til dømes ved minnesvikt og Alzheimers sjukdom.
Nyleg gav han ut boka Gode vibrasjoner. Her gir han ein oversikt over forskingsfeltet, samt konkrete råd om korleis vi alle kan få auka velvære med musikk i kvardagen. Jon Vøllestad møter Kölsch til samtale om musikk i eit psykologisk og nevrovitskapeleg perspektiv.