Det er mogleg å hevde at samtida som omsluttar oss og formar oss er styrt av algoritmar, jag etter merksemd og sjølvspeiling. Jan Kjærstad er aktuell med romanen En tid for å leve der premiere på Ibsens Hedda Gabler blir scene for eit klaustrofobisk ekkokammer. Lena Lindgren kom i vår med essayet Ekko om teknologiverdas grenselause makt der ho trekker trådar tilbake til den greske gudinna Ekkos og kjærleiken hennar til Narcissus, som drukna i sitt eige spegelbilete.
I “utvekslingsstudie” bytter to forfattarar bok og møtast til samtale og lesing. Kva tenker forfattar Jan Kjærstad og forfattar og politisk kommentator i Morgenbladet Lena Lindgren om samtidas sterke begjær etter å bli sett, og korleis skriv dei om dette?
Samtaleleiar er journalist Henrik Hylland Uhlving.