Debatt med Mímir Kristjánsson, Jens E. Kjeldsen, Mille Windfeldt, Sanda Zahirovic og Jens Kihl.
Kva namnepolitiske og realpolitiske strømningar er det som pregar samtida når statseigde verksemder skiftar ut historisk og kulturelt forankra namn til fordel for noko som skal indikere framtidsvisjonar? Er det betre å heite Equinor i staden for Statoil, OsloMet i staden for Høgskolen i Oslo, og kvifor måtte Statsbygg og Statens vegvesen ut til fordel for Entra og Mesta? Er det berre visvas eller er det både nødvendig og vidsynt at dei raude toga i Noreg no blir grøne og skal køyre under namnet Vy?
Til å debattere dette kjem Mímir Kristjánsson, ordførarkandidat for Raudt i Stavanger, Jens E. Kjeldsen, professor i retorikk og visuell kommunikasjon, Mille Windfeldt, hovudansvarleg designar i Snøhetta og Sanda Zahirovic, strategisk rådgivar i Snøhetta. Kommentator i Bergens Tidende Jens Kihl vil leie debatten.