I byane teikner lokalvalet 2019 til å bli eit slag om bompengar - kva har bygdefolket i vente i rushtids- og motorvegfrie Vågå?
Lokalpolitisk kvarter kastar seg på dei politiske vindane, rattar frå grøft til grøft gjennom nasjonalt bompengeopprør og "vegsaka" i Vågå - og girar kraftig opp med Bygdepakke #1 for offentleg infrastruktur i fjellbygda.
***
Lokalpolitisk kvarter: Gudbrandsdalen sin fyrste podcast - 100% låggå i Vågå
I vakre og viltre Vågå teiknar lokalvalet 2019 til å bli ei feiring av lokaldemokratiet. Fjellbygda er velsigna med fire gode partilister, ei rekke ressurssterke kandidatar – og nok engasjerande tema til politisk ordskifte langt ut på hausten. Lokaldemokartisk kvarter tek pulsen pulsen på valkampen etter innfallsmetoda - i von om å halde lokalsamfunnsdebatten levande heilt fram til vegvalet 9.september 2019.