Sveriges mest populära poddar

Tru og meining i gammal tid

11. Segner.no - ressurs til tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar

16 min • 6 november 2022

Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland har brukt tusenvis av timar på internettbasen segner.no sidan 1990-talet, med utgangspunkt i lærarutdanninga på Stord. Her fortel dei om tanken bak basen: å bygge ein ressurs for tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar. Dei gjev fyldige døme på bruk av materialet i praktiske undervisningsopplegg, ofte samarbeid mellom norsk, samfunnsfag og kroppsøving. 

Stikkord: Lokalhistorie, heimkunnskap, bruke kroppen, ekskursjon, storytelling, litteraturhistorie, skriveopplæring, mønsterskriving, dialekt, språkendring, skilnad mellom talemål og skriftspråk, segner og eventyr, dataspel - og tips om eit doktorgradsprosjekt som garantert gjev relevant arbeid etterpå.

Korleis ein finn fram i basen, vart forklart i episoden "Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen" for to veker sidan. Der er det òg smakebitar på segnene i basen. 

Innspela på Stord 27. september 2022.

Kategorier
Förekommer på
00:00 -00:00