Eg skisserer ein flik av komplekset ikring vardøger og hug. Det dreiar seg om at vi har ei følgjeånd attmed oss, som ein variant av oss sjølve, som vi ufrivillig sender i veg til andre når vi tenkjer på dei og som dei kan merke fysisk når det skjer. Dette kan fungere som varsel, og rituelle spesialistar kan sende denne følgjeånda i veg medvete, for å skaffe opplysningar eller ressursar.
Framstillinga bygger på doktoravhandlinga mi frå 2006, Gand, seid og åndevind