Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det kan minne oss om at fortida er eit framandt land. Korleis tolkar vi eigentleg fortida?
Fleire stikkord: Gravferdsprosesjon, svart katt, hekser på kosteskaft, seiðr / seid, Gislesoga, Överhogdal, Hekneveven, Darraðarljóð / Darradarljod, oppstadvev, skjolddikt, Gudrunkvida / Gudrunkvadet, hengings-scenen hos Adam av Bremen, Håvamål, vardøger / hug / fylgje, dyreham, skjoldmøy / kvinnekrigarar, Bodvar Bjarke, oljelampe, Heimdall, Tåtten om Gunnar Helming, store forteljingar, Snoldelevsteinen, tolkingsmetode.