Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrfenomen på himmelen, stjernebiletet Ulvekjeften, og fimbulvinteren på 500-talet. Ikkje minst blir det ei heilt ny forklaring av guden Vidar.
Andre stikkord: Bisol / parhelion, krigsguden Mars, tidsrekning, vekedagsnamna, tysdag / tysdag, ringborger / trelleborger,Trundholmvogna / Trundholmvognen, Tysnes, Fenrisulven, Hyades, Auriga, stjernehimmelen, gandreið, solkross / solkors, klimakrise, astrologi, Mesopotamia, Týr.